Trapper og demningar skal lokke turistane til Høyanger – Reisehit.no
Til framsida Tilbake
27. juni 2019
Trapper og demningar skal lokke turistane til Høyanger

Demningar, industritrapper og ei utsikt som kan ta pusten frå deg. Det vil Siw Høyvik Øren og Lynn-Malin Bergstrøm Fossheim på Øren Hotel tilby når dei no opnar fire guida ruter frå Høyanger sentrum.

– Det er obligatorisk å gå på fjellet når du kjem til Sogn og Fjordane! Det kjem du ikkje utanom, seier tur-guide for Øren Hotel, Trym Høyvik.

Gjennom årets turistsesong skal han vere tilgjengelig til å lose dei besøkande trygt opp på fjellet. Turane, som alle har startplass og endestasjon på Øren Hotel, er tilpassa til turistar i alle former.

– Den lengste turen er nok litt kortare enn Raudemelen i Balestrand. Eg reknar omtrent 3 timar på den turen når eg skal ha med meg turistar. Ein godt fjellvandt person kan nok gå turen på omtrent éin og êin halv time, men vi skal ta det med ro og nyte naturen, forklarar Høyvik.

Sidan store delar av turen byr på element frå industrien i Høyanger skal Høyvik også bruke turane til å gi turistane eit innblikk i den lokale historia.

– Eg vil fortelje om historia til fjella, og kva dei har betydd for bygda og industrien vi har her i dag.

Kollegaene Lynn-Malin Bergstrøm Fossheim og Siw Høyvik Øren på Øren Hotel håpar at dei guida turane deira kan vere med på å setje Høyanger på turist-kartet.

Fjord er fjord

Managementet på Øren Hotel er glade for at dei har ein lokal turmann til å vise fram bygda.

– Trym er kjend i området og kan fortelje og forklare turistane alt dei ser på vegen opp mot toppen. At han er vand med å gå i fjellet er og viktig for oss.

Saman med kollega Lynn-Malin Bergstrøm Fossheim er ho opptatt av å gi folk moglegheit til å sjå kva Høyanger har å by på av natur.

– Vi vil utvide sommarsesongen vår, slik bygdene rundt oss har gjort i fleire år no. Her i Høyanger har vi kanskje vore litt opptatt med industrien vår. Men vi har fjord, og fjord er fjord. Vi vil nytte moglegheita vi har no til å vise fram litt av våre fjordar og fjell. Då er turguide eit naturleg val for oss.

Kollega Bergstrøm Fossheim utdjuper.

– Vi har lyst å auke turisttilbodet her i bygda. Vi har hatt hotellet, no har vi aktivitetane som trengs. Det er no fire forskjellige ruter, som representerer forskjellige vanskelegheitsgrader.

Fire turar på ei rute

Turane hotellet har planlagt for 2019-sesongen går alle langs same rute. Tre av fire turar har lunsj med kaffi inkludert, og pristigen går frå 500 til 1500 norske kroner. Alle turane er tilrettelagt for mellom to og åtte personar.

– Det store trekkplasteret for heile Sogn og fjordane er fjell og turar, med desse turane trur vi at Høyanger kan få sin del av kaka, seier Bergstrøm Fossheim.

Ho presiserer vidare at turane er opne for alle, sjølv om det er Øren Hotel som står som arrangør.

– Turane er ikkje berre for gjestane våre, alle kan booke dei sjølv om hotellet er startsplass for alle turane. Det er berre å gå inn på Balestrand Adventure sine sider og bestille!

Øren Hotel sine fire turar

 
Trappene med guide
Start på Øren Hotel, opp trappene, fjellvegen ned igjen.
Kr. 500,- pr. pers 2-8 personer

Sommerstien
Start på Øren Hotel, bli kjørt til toppen av trappene, gå sommerstien, bli hentet ved bommen.
Inkl. lunsj med kaffe og vann
Kr. 950,- pr. pers 2-8 personer

Trappene + sommerstien
Start på Øren Hotel, gå trappene, gå sommerstien, lunsj undervegs, bli henta ved bommen.
Inkl. lunsj med kaffe og vann
Kr. 1250,- pr. pers 2-8 personer

Toppenhytta
Start på Øren Hotel, bli kjørt til bommen, gå til toppenhytta, lunsj på toppen, gå ned igjen og bli henta ved bommen.
Inkl. lunsj med kaffe og vann.
Kr. 1500,- pr. pers. 2-8 personer