Kva skal til for å lukkast med hytteutleige? – Reisehit.no
Til framsida Tilbake
21. januar 2019
Kva skal til for å lukkast med hytteutleige?

Dei kvalitetane vår region har å by på, passar perfekt saman med hytteutleige. Og her er marknaden langt frå metta. Men kva skal til for å få det til?

Ein småbarnsfamilie frå Latvia har «forvilla» seg til Sørsida av Sognefjorden, nærare bestemt Bjordal. Der tek dei sikte på å finne roa ei heil veke på Nesheim Camping.

– Dei var vel knapt ute av bygda, fortel innehavar Jon Nesheim.

– Og då det gjekk mot slutten av veka, kom dei og spurde om dei kunne få bli lenger! Heldigvis hadde vi plass, og dei blei værande hjå oss i til saman 10 dagar.

Denne typen fleksibilitet er noko av styrken til den tradisjonelle utleiga av campinghytter. Her er ikkje gjestene styrt av faste dagar for inn- og utsjekk, eller låst til å leige hyttene for heile veker.

Kva gjer ein på i Bjordal i ti dagar?

– Vi har jo hatt godt ver i sommar, så både bademoglegheitene og båtutleiga har vore mykje brukt. I tillegg er mange av gjestane frå det europeiske kontinentet veldig opptekne av å plukke sopp.

Nesheim fortel om bra belegg i 2018-sesongen. Kundane kjem frå store delar av verda, og ca. 70% av gjestene er utlendingar. Mange av bestillingane er gjort gjennom booking.com.

Kvifor bør ein satse på for å utvikle hytteutleiga på Sørsida vidare?

– Ein betre båtforbindelse over fjorden ville vore bra. Ein kan også tenkjer seg fleire aktivitetar, men på den andre sida er kanskje fred og ro den viktigaste kvaliteten vi har å tilby gjestane her, fortel Jon Nesheim.

Og den freden og roa ein kan finne i småbygder langs Sognefjorden trekker også til seg eksklusive gjester. I fjor blei det kjent at den verdskjende syklisten Tony Martin (fire gonger verdsmeister i temporitt) la ferien sin til Nesheim Camping i samband med sykkel-VM i Bergen. I år skada Martin seg stygt under Tour de France. Han fekk brest i ein ryggvirvel, og måtte bryte rittet. I opptreningsperioden etterpå la han igjen turen til Bjordal og Nesheim Camping, truleg godt skjerma frå både plagsame journalistar og hordar av autografjegerar.

5 råd frå Jon Nesheim for å lukkast med hytteturisme:

1: Godt vertskap: Det er alltid ein sikker vinnar! Me må «sjå» gjesten, for det er ofte forskjellige forventningar til opphaldet.

2: Standard: Hyttene må alltid, og då meiner eg alltid, halde lova standard og være reine. Bommar ein her, er det alltid gale. Me held vel også forholdsvis høg standard på hyttene våre. Her er til dømes både raud og kvitvinsglas i alle hytter – viktig for terrassekosen, det! Og det er ikkje berre hyttene som er viktige. Me har også mange båtar, og desse må vere i orden og fornyast heile tida.

3: Å vere «ja-menneske»: Ein kjem alltid lengst med positiv innstilling, og nøgde gjester er dei beste ambassadørane ein kan ha. Det er også ein fordel å kunne fleire språk, og ikkje minst ha glimt i auga. Tillit er nøkkelen her.

4: Ha litt tid til gjesten: Gi dei gjerne tips om turar, og til dømes kvar ein kan finne sopp, bær og gode fiskeplassar er ting europeiske turistar set stor pris på å få tips om. Det hjelper godt å ha naturleg interesse for kva som finst rundt oss, og gjerne dele denne kunnskapen med gjestene. Då kjem ein også tettare på dei. Men ein må aldri bli påtrengande, det er viktig med respekt og tillit.

5: Gode referansar: At nøgde gjester fortel andre om opplevinga, er den beste marknadsføringa ein kan ha. Sist veke fekk me 2 bestillingar frå gjester som ikkje har vore her tidlegare – dei var blitt anbefalt av andre å reise hit. Nok ein gong er tillit eit viktig stikkord.

Sven Bork om hyttestandard, og vidare utvikling av hytteturismen:

Kva fasilitetar blir forventa av turistane i dag?

– Dei fleste av våre gjester er stamkundar. Dei forventar natur, utsikt, fjell og båt. Det viktigaste er heilt klart natur, natur, natur, fortel Sven Bork.

Kva med teknisk standard på hyttene?

– Hyttene må ha Internett og TV med internasjonale kanalar. Tilgang til båt er ein stor fordel. Dei fleste av våre gjester tek med fiskeutstyr sjølv, men vi støttar dei om det er noko dei har behov for.

Ønskjer dine turistar å delta på aktivitetar i nærområdet, eller vil dei vere mest i fred?

– Det viktigaste for gjestene er som nemnt naturopplevinga dei får her langs Sognefjorden. Vi har til dømes prøvd ut vasscooter no i sommar. Erfaringa med det er blanda. Det er ikkje noko gjesten vil ha for å frese fram og tilbake i full fart i vika, like utanfor husa. Men i roleg tempo, vestover mot solnedgangen, kan også det gi ei eineståande naturoppleving.

Må hyttene vere nye, eller synest dei at gamle kan vere vel så sjarmerande?

– Gamle hytter er like bra, så lenge gjestene føler at det ligg innsats og kjærleik i hytta dei leiger.

Vil dei lære meir om staden dei er på, eller bryr dei seg ikkje i særleg grad om det?

– Når dei først er på plass, er dei interessert i alt som blir tilbydd!

Kva kan være til hjelp for å utvikle hytteturismen i ytre Sogn vidare?

– Folk må gjere noko! Det blir snakka og diskutert mykje, men ikkje små mykje skjer i praksis. Derfor ligg Høyanger litt bakpå i utviklinga av turisttilbod.

Joakim Systaddal om marknadsføring:

Kva for kanalar bør ein bruke for å marknadsføre utleigehytter langs Sognefjorden?

– Dei store aktørane som Airbnb og Expedia (som også eig tripadvisor og booking.com) kan være svært effektive, men føresetnaden er at ein også har eit godt produkt. Systema deira er jo innretta slik at kundane legg igjen omtalar av plassen dei overnattar på, og då er det farleg å levere under forventninga til gjesten. Ein dårleg omtale kan øydeleggje mykje!

Kva med «nymotens» kanalar som sosiale media?

– Dei blir ekstremt viktige i framtida, men då skal ein også vite kva ein held på med. For effektivt å kunne målrette denne typen marknadsføring, må ein være profesjonell på området. Det er ikkje noko alle og ein kvar bør «rote med» sjølv.

Kven kan ein søke hjelp hos for å komme i gang med hytteutleige?

– Naboen, dersom han allereie driv med utleige! For hyttenaboar på kvart sitt nes er ikkje konkurrentar. Dei konkurrerer i praksis med andre tilbod over heile verda, og har mykje å hente på å samarbeide om til dømes med båtutleige og andre aktivitetar. Dessutan kan det vere mykje å hente ved å ta kontakt med Visit Sognefjord. Det er etter kvart ein svært veldriven og kompetent organisasjon, som sikkert stiller opp for å gi god drahjelp til folk som har planar om hytteutleige også.