Velkommen til reisehit.no – Reisehit.no
Til framsida
20. januar 2019
Velkommen til reisehit.no

Reisehit.no er eit nettmagasin for inspirasjon, aktuelle tema og meiningsutveksling rundt reiseliv i Høyanger. Vi ynskjer å motivere aktørar til å sjå potensialet som ligg innanfor denne næringa, og skape ein arena der vi kan informere om ulike prosjekt innan reiseliv.

Reiseliv er ein av dei raskast vaksande næringane i verda, og Norge aukar stadig i popularitet. Det er spådd stor vekst i vår region, og vi meiner at Høyanger kommune har eit stort unytta potensial. Ein vekst i reiselivsnæringa kan skape arbeidsplassar i ei tid der mange andre næringar nedbemannar. Dei kommunane som satsar på reiseliv vil få fleire arbeidsplassar og økte inntekter til kommunekassa. Kvar kommune må sjølvsagt finne rett besøkstrykk og balanse mellom fastbuande og tilreisande, men med ei bærekraftig satsing på reiseliv har Høyanger potensial til å ta del i den marknaden som allereie er der, og i den vidare veksten som kjem.

Ein av dei store trendane i reiselivet er aktivitetsferie. Det er turisme som involverar fysisk aktivitet, kulturell utveksling og/eller aktivitetar i naturen. Vi har mykje å tilby i vår kommune, på lik linje med andre kommunar i vår region.

Vi må saman arbeide systematisk for å kunne tilby interessante opplevingar og produkt av høg kvalitet som nokon er villig til å betale for. Evna til å utvikle slike opplevingar og produkt er avhengig av endringsarbeid, kundetilpassing, ein velfungerande infrastruktur og gode lokalsamfunn.

Reiseliv og stadsutvikling heng tett i hop. Eg har tru på at eit aukande fokus på reiseliv vil gjere noko med attraktiviteten til Høyanger, som igjen kjem dei lokale innbyggjarane og omdømet til Høyanger til gode.

Helsing Birgitta Hagen Kyrkjebø
Næringskonsulent i HNU og ansvarleg redaktør på reisehit.no