Ser du potensialet her? – Reisehit.no
Til framsida
21. januar 2019
Ser du potensialet her?

reportasje

Vadheim. Er ikkje det mellom dei tristaste vegkryssa i heile Sogn og Fjordane?

Mange som køyrer frå Høyanger mot Førde, eller dei som reiser langs E39 for den del, tenker sikkert slik. Men noko er på gang i vegkrysset. Busstoppen er oppgradert med nytt venterom, og sentrum har fått eit solid løft. Kommunen er også i gang med ny reguleringsplan for bustadar. Ikkje minst har innrykket til Borks Ferienhäuser gjort noko med Vadheim sentrum. 14 millionar er investert i leilegheitsbygget på kaia, og ikkje nok med det: Litt lenger bak ligg også ein totalrenovert einebustad (4 mill). No står det gamle dampbakeriet for tur.

Sven Bork har vore noregsvenn heilt sidan han vitja ein onkel som arbeidde på oljeplattform på 1980-talet. Det har kanskje noko med gamalt slektskap å gjere. Bork er eit skandinavisk namn, og Sven fortel at å oppdage Noreg gav han ei kjensle av å komme tilbake til røtene.

Å måtte vente i «Vaim» kan for mange lyde som noko nær tortur. Men ting skjer i Vadheim for tida. Det nye venterommet er kanskje eit symbol på dette?

For 15 år sidan starta han Borks Ferienhäuser, og det heile starta med ei hytte på Kyrkjebø. Han hadde leita ei stund, men hytteprisane på til dømes Sørlandet var i stivaste laget den gong.

– Her i Høyanger kunne eg derimot få kjøpe ei hytte for nær sagt ingenting!

Bork meiner han er privilegert som får slike moglegheiter som utlending i Noreg. Han seier også at han i Høyanger har møtt opne og sosiale menneske, og har fått eit godt samarbeid med lokale aktørar.

Med utgangspunkt i ei hytte på Kyrkjebø har det teke av, for å seie det mildt. No eig Borks Ferienhäuser ca. 15 hytter sjølv, men formidlar utleige av over 300 norske hytter i den tyske marknaden. Kva er suksessoppskrifta for å konkurrere med dei internasjonale utleigeformidlarane, t.d. Airbnb?

– Vi har eit høgt spesialisert system, ikkje ein generell bookingportal. Vi driv også på ein måte som gjer at vi kan gi dei beste prisane på utleigeobjekta våre.

Sven Bork forklarar også at han har ein forretningsstrategi som truleg skil han frå dei internasjonale utleigeformidlarane.

– For meg er det viktig å drive utleige på ein måte som viser respekt for naturen. Eg er heller ikkje på jakt etter mest mogleg pengar. Smilande menneske er av større verdi for meg.

God service er viktig. Hyttene langs Sognefjorden og utleigeleilegheitene og huset i Vadheim blir drifta av Volker Pasch.

Tyske hytteturistar opplever strendene langs Sognefjorden som villmark. Her kjenner dei fridom, og i motsetnad til å ha folk rundt seg overalt nede på kontinentet til dagleg, kan dei få ei eksklusiv kjensle av einsemd her på våre trakter. Kyrkjebø og Frivik, det gir jo meining i eit slikt bilete, men kvifor i alle dagar Vadheim?

– Vadheim har flott natur! Lysforholda er også utmerka. Med den nye reguleringa som no er på gang blir dette heilt topp!, hevdar Sven Bork.

Om du er mellom dei som berre har køyrt forbi, og brukt Vadheim nettopp som vegkryss, bør du stoppe på kaia ein gong. Gå bort til det nye venterommet, eller set deg litt på benken utanfor utleigeleilegheitene til Sven.

Da gir dette meining. Da ser ein at den vakre naturen er der, berre ein rettar blikket utover fjorden, og ikkje langs vegen oppover mot Ytredalen. Du kan også legge merke til at fjella ut langs fjorden faktisk ikkje er så høge. Ja, her har ein sola frå tidleg til seint!

Natur er viktig for dei tyske turistane som vitjar Vadheim. Da må også blomsterpottene gi rett inntrykk!

I skrivande stund er Sven Bork i ferd med å fullføre forhandlingane om å kjøpe gamle Vadheim Dampbakeri. Det blir kanskje sjølve krona på verket i det som allereie står fram som ein veldriven ferieidyll innerst i Vadheimsfjorden.

– Vi vil nok rive det gamle bygget og sette opp noko heilt nytt. 5-7 utleigeeiningar vil vi kunne få der. Men det må passe inn med dei eksisterande bygga, poengterer Bork.

Dermed er det duka for nye millioninvesteringar i Vadheim, og Bork Ferienhäuser vil da ha bygd ein heil liten ferielandsby der ikkje så mange andre såg noko potensial.

Nokon ser berre eit vegkryss. Andre ser vakker natur og moglegheiter. Spesielt når E39 får ny trasé er det ikkje mykje tvil om kven som vil trekkje det lengste strået. Vadheim er i ferd med å bli ei perle langs Sognefjorden.

Gamalt skrot? Ja, men får ein bort det, så har du straks ei perle ved fjorden!
Volker Pasch og Sven Bork ser gode moglegheiter for det gamle dampbakeriet. – Her på baksida kan vi jo anlegge badestrand!, foreslår dei.