Pakka og klart – Reisehit.no
Til framsida
30. juni 2019
Pakka og klart

reportasje

To unge menn med kamera fotfølgjer ei lita gruppe på byvandring gjennom Høyanger sentrum. Filmsnutten som blir produsert skal gjennom satsinga Balestrand Adventure lokke turistar til industristaden.

Kva skal du fylle dagane med når du kjem til Høyanger som turist? Kvar kan du finne informasjon om tilboda som finst, og ikkje minst, kvar kan du booke aktivitetar og opplevingar?

Dette og meir til ønskjer Balestrand Adventure å gi gode svar på. Selskapet vart etablert på hausten 2018 av aktørar frå reiselivs­næringa i nabokommunen vår, og har som ambisjon å bli eit sal-, marknads­førings- og produkt­utviklingsselskap for heile reiselivs­næringa i Midtre Sogn. Kontaktperson i Balestand Adventure, Joakim Systaddal, fortel at dei set ønska og behova til turistane først.

Birgitta Hagen Kyrkjebø og Joakim Systaddal meiner at dei ulike turisttilboda i Balestand og Høyanger supplerer kvarandre.

– Turistane som kjem til Sogn bryr seg ikkje om kommunegrenser eller namn på selskap og stadar. Det dei bryr seg om er gode opplevingar, noko Balestand Adventure skal hjelpe dei med å finne.

Etter omlag eitt år med planlegging og arbeid lanserte Balestrand Adventure i vår nettsida si. På den kan turistar enkelt og greitt finne passande aktivitetar og opplevingar og booke dei direkte, der og då. Alle tilbod er ferdig pakka med fast pris og innhald. Det skal vere enkelt å oppleve Sogn.

– Turistane er alt godt i gang med å booke tilbod, og det same er turoperatørane. Vi ser ofte at operatørane er inne og bookar aktivitetar og opplevingar for grupper i full fart når det har oppstått eit behov for å fylle ein dag eller to med innhald. Det at det finst eit rikt aktivitetstilbod tilgjengeleg kan vere avgjerande i å halde turistane litt lengre på ein stad, noko som sjølvsagt også kjem dei som tilbyr overnatting og servering til gode.

I mars kom meldinga om at Innovasjon Noreg støttar Balestrand Adventure med 600 000 kroner, 100 000 over søknadssummen. Dei pengane skal brukast på å få fleire aktivitetar inn som del av tilbodet, og forbetre løysingar.

Aktivitetssenter der ein samlar opplevingar og aktivitetar for ein region er i vinden for tida. Explore Sunnfjord har fått mykje merksemd i det siste, og opna sitt aktivitetssenter i eit naust på Skei 21. juni. I meir heimlege trakter har Sogn Tours gjennom fleire år formidla einskildopplevingar og sydd saman pakkar i Ytre Sogn for tilreisande.

Ein god start

Kontakten mellom Balestrand Adventure og Høyanger vart etablert hausten 2018, med HNU som vårt lokale kontaktpunkt. Næringskonsulent Birgitta Hagen Kyrkjebø fortel at ein no ser dei første konkrete resultata av initiativet.

– Vi har jobba dei siste månadane med å få på plass aktivitetar i Balestrand Adventure sitt system, og er veldig nøgd med det vi har fått til så langt. Byvandringa, Høyanger Industristadmuseum, Gunnar S. Galleriet, Høyangerbadet, yoga ved fjord og fjell og guida fjellturar er tilboda som no er inne, men vi håpar at dette berre er starten.

Ein av dei lokale aktørane som har blitt med på initiativet er Øren Hotel, som står bak tilbodet om guida fjellturar. Hotellet vil også ta ei rolle som lokal base for Balestrand Adventure, og aktivt promotere dei andre tilboda som er tilgjengelege. Den offensive tilnærminga frå Øren Hotel er noko Hagen Kyrkjebø ser svært positivt på, og ho håpar at den vil smitte over på andre i den lokale reiselivsnæringa.

– Vi er veldig glade for å ha fått med oss Øren Hotel som aktør frå reiselivsnæringa sjølv. No når vi har kome i gang med dei første produkta vil vi jobbe vidare med å få på plass nye tilbod i Balestrand Adventure sitt system, også frå andre delar av kommunen.

Øren Hotel lanserer nytt reiselivsprodukt gjennom Balestrand Adventure.

Trapper og demningar skal lokke turistane til Høyanger

Dei første produkta frå Høyanger er no lansert på balestrandadventure.com. Kanskje kjem det fleire til etter kvart?

Profesjonalitet i alle ledd

I lett duskregn tidleg i juni tok Rainer Nokken Kleive og Kristoffer Alvarado Kleven med seg filmkamera og ei gruppe statistar på byvanding i Høyanger. Dei har i oppgåve å spele inn presentasjonsfilmar for dei ulike produkta i porteføljen til Balestrand Adventure.

– Vi ønskjer eit profesjonelt nivå på alt som har med Balestrand Adventure å gjere. Produkta skal vere gode, og dei skal presenterast på ein god måte, sånn at turistane får lyst til å booke dei.

Kleive er sjølv frå Balestrand men er for tida busett i Oslo. Der jobbar han som fotograf i eige selskap, med konsertar og friluftsaktivitet som spesialfelt. Erfaringane frå dokumentering av sceneshow og fjelltoppar kjem godt med også i formidling av reiselivsprodukt.

– Det handlar om å fange det unike og dei spesielle augeblinkane som kan skape gode minne. Eg har sjølv fototur som eit produkt som skal inn i Balestrand Adventure, og ser på selskapet som eit veldig positivt tiltak. Om initiativ som dette lukkast kan det i tillegg til å skape verdiar i reiselivsnæringa vere med på å gjere det meir attraktivt og berekraftig for utflyttarar som meg å komme heim og drive næring i Sogn.

Kristoffer Alvarado Kleven (t.v) og Rainer Nokken Kleive instruerer byvandingsguide Maria Brendehaug Petersen før opptak. Fotografduoen med base i Oslo produserer for tida korte filmar for produkta til Balestrand Adventure som skal nyttast på nettsida og i anna marknadsføring.

Vil du bli med?

Har du eit aktivitets- eller opplevingstilbod som du kunne tenke deg å tilby gjennom Balestrand Adventure? Ein partnerskaps­avtale gir tilgang til både backoffice- og marknadsførings­system, noko som gjer det enkelt for deg å selje ditt produkt, og for turistar å kjøpe det. Kontakt HNU om du ønskjer meir informasjon, eller om du vil ha hjelp til å utvikle ditt reiselivstilbod generelt.