Nytt reisemål: Berge – Reisehit.no
Til framsida
7. juli 2020
Nytt reisemål: Berge

reportasje

Søstrene Janne Elin og Heidi Kathrin Osland har store planar for ei reiselivssatsing ytst i den vesle bygda Berge.

Janne Elin Osland har sidan ho tok over besteforeldra sin gard på Berge i 1999 hatt ein draum om å gjere noko meir ut av den idylliske eigendomen, der den ligg på eit platå med fantastiske utsikt 180 meter over Sognefjorden. Fram til no har familieliv og hektisk jobb krevd sitt, men no ligg forholda endeleg til rette for at Janne Elin skal få realisert draumen sin.

– Eg har drodla mykje med søstera mi opp igjennom om kva vi kan få til, men julafta 2018 vart det heile plutseleg langt meir alvor. Då fekk eg eit slags gåvekort frå Heidi Kathrin, som driv Arkitektkontoret 4B i Sogndal, på arkitekttenester og anna hjelp. Så alt 1. juledag sat vi saman på kontoret hennar og var i gong med planleggingsarbeidet!

No, halvanna år etter, byrjar prosjektet å ta skikkeleg form. Selskapet Lardsgarden Tunhotell AS vart stifta 29. april i år, og dialogen er i gang med Innovasjon Norge og andre for å få sett planar ut i live. Det skal førast opp seks små hytter, eller rom som arkitekten kallar det, på eit jorde under gardstunet. Romma skal ha ei enkel og elegant utforming, og vere utstyrt med det ein treng for å leve komfortabelt.

Den primære målgruppa til Lardsgarden Tunhotell AS vil bli folk som ønskjer nokre dagar med fred og ro i spartansk luksus i nærleiken av både fjord og fjell.

Det er ingenting å sei på utsikta frå garden til Janne Elin Osland der den ligg 10km frå og 180 meter over Høyanger.

Kreativitet sett i system

Med nesten 20 år med drauming som bakteppe er det ikkje rart at det boblar over med idéar og ønskjer hos Janne Elin, og kreativ idémyldring har vore og er ein viktig del av prosjektet.

– Når ein har eit prosjekt som dette er ein alltid på og lar seg inspirere fortløpande. Det kan vere alt frå å oppdage fargar eller former i gjenstandar heime på garden som ein har lyst til å gjere noko med, til måtar andre jobbar på med tilsvarande prosjekt. Det er veldig moro og gir mykje energi å sjå alle mogelegheitene, men det kan samstundes ta fokus frå arbeidsoppgåver som er viktigare for framdrifta i prosjektet her og no. Vi er derfor veldig opptekne av å ha ein overordna plan som vi arbeider etter. Ein må ha oversikt og vite kva som er neste steg, elles er det lett å gå seg vill i jungelen av kreative innfall og miste framdrift.

Janne Elin sprudlar med stort engasjement når ho fortel om reiselivsprosjektet på Berge. Sjølv relativt tørre tema som prosjektering, kostnadskalkylar og søknadsprosessar får mykje liv når det er Janne Elin som forklarar.

– Vår erfaring er at det er langt lettare å bli tekne seriøst når vi kan vise til ein plan og stegvise målsettingar når vi presenterer prosjektet vårt. Det har hjelpt oss mykje i møter med ulike aktørar, og har gjort til at vi enklare får gjennomslag der vi treng det for å kome vidare.

– Vi håpar at dette kan vere eit prosjekt som heile bygda kan bli stolte av, og at vi kan få vist tilreisande det flotte og høgst levande gardssamfunnet Berge.
Reiselivsgründer Janne Elin Osland

Ein av dei som har fått planane på Berge presentert for seg, og som har latt seg imponere av både konsept og det systematiske arbeidet til Janne Elin og Heidi Kathrin, er næringskonsulent Birgitta Hagen Kyrkjebø i HNU. Ho meiner at dei to søstrene har heilt rett innfallsvinkel i arbeidet med Lardsgarden Tunhotell.

– For oss i ulike tiltaksapparat er det veldig greitt å sette seg inn i prosjekt når vi får servert godt gjennomarbeida og oversiktelege planar og konkrete målsettingar. Då er det og lettare for oss å vite kor vi kan gå inn og hjelpe med dei verktøya vi har til disposisjon, og dermed bli nyttige for aktørar som Janne Elin og Heidi Kathrin. Ein kan kanskje sei at dei hjelper oss med å hjelpe dei, noko som gir dei mest fruktbare resultata.

Birgitta Hagen Kyrkjebø (t.h) meiner at prosjektet til Janne Elin Osland (t.v) hukar av på mange av boksane som skal til for å lukkast. Eit attraktivt konsept, konkrete planar, og gründerar med relevant kompetanse og ståpåvilje er ofte sentrale ingrediensar i suksessoppskrifter for næringsetablering.

Godt gjennomarbeida planar kan i følgje Janne Elin også ha positiv effekt på tilværet som gründer.

– Det kan til tider bli litt overveldande å skulle bygge opp eit prosjekt som dette frå botn med alle dei lause trådane og «ein million» med små og store ting som må ordnast. På tunge dagar kan ein miste trua på at ein vil klare å kome i mål, og då er det veldig greit å ha noko konkret formulert ned på papiret. Då har ein eit solid fundament som ligg der fast uavhengig av dagsformen, og som kan hjelpe ein med å få trua på prosjektet igjen.

Dette er Larsgarden Tunhotell

Gjestar vil kunne overnatte i fire soverom i sveitservillaen, eller i dei seks romma/hyttene med to til tre enkeltsenger som vil bli plassert på toppen av ein murkant på nedre del av garden. Omgjevnadane vil bli prega av ein frodig hage med bærbuskar, frukttre, grønnsaksplanter og blomar. Mat inspirert av Ingeborg Osland sitt kjøken vil bli servert i driftsbygningen, som også vil fungere som opphaldsrom og samlingsplass. I den gamle sauefjøsen vil det bli laga til møterom med ei utsiktsstove på loftet. Her vil det vere mogleg for bedrifter å halde møter, kurs eller andre typar samlingar.

Med tunhotellet som base kan gjestar oppsøkje opplevingar knytt til fjord og fjell i nærområda, eller reise til lokale attraksjonar som trappene i Høyanger, rododendronhagen på Kyrkjebø, eller skulpturparken i Ortnevik.

Snakk med folk

Larsgarden Tunhotell er så langt i rute i forhold til planane. Janne Elin klargjer no for utleige av rom i hovudhuset neste sommar, så dei kan få dei første erfaringane og inntektene. Dei er samstundes godt i gang med planlegging av romma som skal førast opp og ulike søknadsprosessar, i tillegg til å jobbe med marknadsføringsoppgåver som utforming av logo og nettside.

– Vi er der vi tenker vi bør vere, men det er sjølvsagt masse som står att, så vi har så vidt begynt. Vi jobbar etter ein stein-på-stein filosofi og tek oss den tida vi treng for å gjere ting både skikkelig og i rett rekkefølgje. Dette er eit langtidsprosjekt så for oss er det viktigare at det vi gjer blir bra og er slik vi ønskjer det enn at det går så fort som mogleg.

– Høyanger treng fleire prosjekt som dette. Om Larsgarden Tunhotell lukkast vil det utvilsamt sette kommunen vår meir på kartet som reiselivsdestinasjon.
Næringskonsulent Birgitta Hagen Kyrkjebø

Med mange prosessar gåande er det nyttig og til dels heilt nødvendig for Janne Elin å ha andre å kunne støtte seg på. Den viktigaste samtalepartnaren er søstera, men det er også andre i «støtteapparatet», slik som til dømes slekt og vener.

– Eg kunne ikkje klart dette aleine, og eg sparrar idéar og tankar med Heidi Kathrin heile tida. Det er veldig nyttig. No har vi kome så langt at vi kan byrje å knyte til oss andre også, og få tilført kompetanse vi sjølv manglar til prosjektet. Vi har til dømes fått med oss Toril Partenyi, som fram til slutten av 2019 leia suksessverksemda Fotefar Temareiser, men som no har starta opp turoperatøren Wonderlust. Toril har lang erfaring med korleis ein pakkar og kommersialiserar reiselivsprodukt, noko vi andre to kan lite om, men som utvilsamt vil bli nyttig kunnskap for Larsgarden Tunhotell.

Birgitta i HNU trekk også fram fordelen ved å ha eit godt nettverk når ein skal byggje opp reiselivsprodukt eller andre typar verksemder. Både i form av ein «heiagjeng» som kan støtte opp og som ein kan lufte idéar med, men også meir formelle samarbeidspartnarar som kan hjelpe ein med å utvikle prosjektet.

– Ver nysgjerrig, spør om råd, prat med folk. Det er umogleg å ha full oversikt eller tenke på alt, så lær av andre sine erfaringar og søk råd på område som er viktige for ditt prosjekt der du sjølv føler at du ikkje har nok kunnskap. Gründerprosjekt prega av ei litt audmjuk og søkande tilnærming har lettare for å lukkast enn prosjekt leia av «verdsmeistrar» som meiner dei kan og veit alt sjølv.

Larsgarden Tunhotell vil neste sommer starte utleige av rom i sveitservillaen på garden. Seinare vil romma teikna av arkitekt og medgründer Heidi Kathrin Osland førast opp under den nyplanta frukthagen på nedre del av garden.

Tre tips frå Birgitta til deg som vil bygge opp eit reiselivsprodukt

– Lag ein så gjennomtenkt og konkret plan som mogleg over kva du ønskjer å starte opp, og kva målsettingane dine er. Denne planen vil du få bruk for i mange samanhengar seinare.

– Ta kontakt med andre som kan gje deg gode råd og peike deg i rett retning. Nytt deg av tiltaksapparatet, sjekk ut nettsider som driftig.no, og delta på relevante kurs og samlingar. Det er aldri bortkasta å snakke med folk, men kan tvert om gje mykje ny kunnskap og inspirasjon!

– Sjå etter synergiar og moglegheiter i marknaden. Kan tilbodet ditt supplere andre reiselivstilbod lokalt, og danne grobotn for gjensidig fruktbart samarbeid? Finst det nisjar i marknaden som du kan utnytte? Det er lettare å lukkast om ein har eit unikt tilbod, eller samarbeid med andre aktørar.