Fullt fokus på arrangement – Reisehit.no
Til framsida
16. juni 2019
Fullt fokus på arrangement

ytring

Høyangerdagane 2019, som hadde over 20 ulike aktivitetar og arrangement på plakaten, er no historie. Hendinga vart trass i eit litt ruskete vêr ein folkefest for små og store gjennom ei heil helg, men også det første steget i arbeidet som skal ende opp i ein strategiplan for arrangementsutvikling i løpet av hausten.

Vi har gjennom Høyangerdagane 2019 fått masse nyttig erfaring og mange gode innspel som vil bli tatt med vidare i dette arbeidet. Neste steg blir å besøke dei ulike bygdene i Høyanger for å få innspel til korleis ein kan jobbe med lokal arrangementsutvikling. Dette er ein prosess der vi vil gå breitt ut. Heile kommunen vil bli høyrt. For å lykkast med å levere høgare kvalitet til innbyggjarane og tilreisande, må vi styrke opplevingane. Prosjektet skal leggje til rette for ein meir målretta og systematisk prosess knytt til arrangementsinnovasjon og næringsutvikling. 

Mange av bygdene våre har ulike arrangement gjennom året. Finst det felles utfordringar som ein kan samarbeide om å løyse, eller oppgåver som ein felles arrangementsutviklar bør hjelpe dei ulike arrangørkomitéane med? Kunne eit kooridinert aktivitetshjul vore noko for oss i Høyanger, og er det potensiale for fleire arrangement? Kultur og næring heng tett saman, og minneverdige opplevingar for fastbuande og tilreisande skapar verdiar for både næringslivet og samfunnet elles.

Vegen vidare

Støvet frå aktiviteten under Høyangerdagane 2019 har knapt lagt seg, men mange lurer alt no på om Høyangerdagane 2020 vil bli arrangert. Det er eit spørsmål som det er opp til folk og aktørar i Høyanger sjølv å bestemme. Der det finst vilje, finst det ein veg, og tilbakemeldingane vi har fått så langt frå dei som var med å arrangere årets Høyangerdagane er positive.

Handelsstanden generelt fortel om auka kundegrunnlag når det er arrangementshelger, og einskilde melder og om relativt stor omsetningsauke. Eit arrangement som Høyangerdagane er næringsutvikling, bulyst og vitamininnsprøyting på ei og same tid. Nøkkelord er trivsel, omdømebygging, økonomiske ringverknadar og auka samhandling mellom aktørar.

Eit spørsmål som vil bli tatt med vidare i prosjektet er om det finst potensiale for å spisse arrangement i Høyanger kommune yttarlegare, og med det kanskje også utnytte utviklingspotensialet på ein betre måte. Det er mykje som skjer i regionen vi er del av gjennom eit år, og ulike tilstelningar kjempar gjerne om merksemda til det same publikummet. Med meir spissa konsept retta mot bestemte målgrupper kan det vere lettare å treffe dei ein ønskjer å nå, og kanskje også trekkje fleire tilreisande til kjekke opplevingar hos oss i Høyanger.

Potensiale for spissing av arrangement er eitt av mange tema som vil bli tatt opp i strategiplanarbeidet i månadane som kjem. Når det er avslutta ønskjer vi å invitere til ei samling der planen blir presentert, og på denne samlinga vil vi også invitere folk frå andre stadar som har hatt suksess med arrangementsutvikling, så dei kan dele av sine erfaringar.

Har du innspel eller kommentarar? Ta gjerne kontakt med oss, eller legg igjen ei melding i kommentarfeltet under!

Helsing Kristin Sandal i OnCue og Birgitta Hagen Kyrkjebø i Høyanger Næringsutvikling.

Ein modell for arrangementsutvikling for heile kommunen

– Målet for arrangementsutviklingsprosjektet er å utforme ein felles modell for arrangementsutvikling der ein samlar idrett, kultur, handel, reiseliv og næringsliv elles i kommunen.
– Prosjektet inngår som del av oppfølginga av verdiskapingsplanen for Høyanger, som seier at HNU skal vere ein aktiv støttespelar også innan arrangementsutvikling.
– Ein viktig del av prosjektet er ei vurdering av potensialet for vidareutvikling av eksisterande arrangement, og ei vurdering av om det finst fleire moglege satsingsområde.