Førstereis på workshop – Reisehit.no
Til framsida
8. mars 2019
Førstereis på workshop

aktuelt

– Høyanger er lett å promotere i utlandet. Vi har jo så masse å by på av natur og kultur, men vi treng fleire konkrete aktivtetar og opplevingar!

Sitatet over tilhøyrer Lynn-Malin Bergstrøm Fossheim og Siw Høyvik Øren, som utgjer managementet på Øren Hotel. Dei reiste i februar på workshop i København og London, i regi av Visit Sognefjord. Der møtte medlemsbedrifter i destinasjonsselskapet utanlandske turoperatørar på jakt etter produkt dei kan selje til sine kundar. Årets workshop vart den første for dei to frå hotellet, og dei var også dei einaste representantane frå Høyanger.

– Vi var litt nølande og usikre på om vi fekk nok igjen for å reise, men det vart utruleg lærerikt og nyttig for oss, så vi vil oppmode andre reiselivsverksemder i kommunen vår til å bli med neste gong. Under desse samlingane kjem du i direkte kontakt med personar som kan føre til konkrete besøk til di verksemd, i tillegg til at du møter andre reiselivsaktørar i Sogn, og får ta del i utveksling av erfaringar og kunnskap. Når du kjem heim frå ein slik tur har du bagasjen full av nye moglegheiter, ny kunnskap og inspirasjon.

Lynn-Malin Bergstrøm Fossheim presenterte Øren Hotel og Høyanger til reiselivskollegaer i Sogn og utanlandske turoperatørar i februar. Publikum viste seg å vere svært lydhøyre.

Som den einaste delegasjonen frå Høyanger tok gjengen frå Øren Hotel på seg å ikkje berre promotere hotellet sitt, men heile kommunen.

– Som overnattings- og serveringsstad kan vi ta rolla som base for dei tilreisande, men aktivitetane og opplevingane ligg utanfor våre veggar. Det var derfor viktig for oss å vise fram omgjevnadane våre, og responsen var overveldande positiv. Vi har både natur og kultur som fengjar internasjonalt, og ut frå tilbakemeldingane vi fekk er vi ikkje i tvil om at det finst eit uforløyst reiselivspotensiale i Høyanger.

Fossheim og Øren fortel om korleis det vi kan sjå på som kvardagsleg kan vere spektakulære opplevingar for andre, noko dei sjølve har opplevd i møte med turistar.

– Ta berre noko så enkelt som å ete frukost ved eit av vindauga våre, med Gråberget ruvande like utanfor. For oss vestlendingar som er vande med djupe fjordar og høge fjell er ikkje det noko spesielt, men for mange europearar er det å sjå ut på 800 meter med berg rett opp ganske ekstremt over morgonkaffien.

Ein treng ingen tekst når bileta taler for seg sjølv. Eventyrparken til Anders Brekke i Ortnevik triggar interessa til utanlandske tuoperatørar (skjermbilete frå workshop-presentasjonen til Øren Hotel).

Fullt i Sogn. God plass i Høyanger

Mange destinasjonar i sogneregionen har som kjent sprengt kapasitet i sommarsesongen, noko som har gjort til at Visit Sognefjord arbeider aktivt med utviding av sesongen, og utviding av marknaden til å også inkludere bedriftskundar. For Høyanger sin del handlar det i første omgang om å få ein større del av turistkaka sommarstid.

– For det internasjonale reiselivet er Høyanger ein uoopdaga del av Sognefjorden, og vi gjorde eit poeng ut av dette ved å kalle oss «a hidden secret, not yet discovered by the worlds travelers» i presentasjonen vår. Høyanger kan fort bli ein ny og spanande destinasjon for verda, om vi er flinke til å skape eit produkt som er tilgjengeleg og attraktivt nok. Ein viktig jobb er å skape kjennskap til Høyanger. Vi må inn i reisekatalogane til operatørane, og vere så synlege som vi kan.

Natur er viktig for turistane, men og kvalitetar ved samfunna dei kjem til. Der er vi godt stilt med ei rikhaldig industrihistorie i tettstaden og ein heilt unik atmosfære der historie og kultur smeltar saman i attraksjonar som Høyanger Industristadmuseum, Gunnar S. Galleriet, trappene og Parken.

Lynn-Maling Bergstrøm og Siw Høyvik Øren

Fossheim og Øren har dei siste 3 – 4 åra jobba med å gjere Øren Hotel til eit meir tilgjengeleg overnattingsalternativ for turistar, men det er begrensa kva einskildaktørar kan få til aleine. Reiselivet i Høyanger treng eit kollektivt løft fundert i ein felles dugnad om ein vil kome på eit nivå der turistane verkeleg byrjar å strøyme på.

– Hovudutfordringa er å ha nok aktivitetar og opplevingar å tilby dei tilreisande. Om vi som stad får nok å by på frå ein rikhaldig aktivitetsmeny er det langt lettare for oss å halde på gjestane i lengre periodar. Hotell som vårt er for små til å vere attraksjonar i seg sjølve, så vi trenger noko utanfor som kan halde på gjestane.

Dei to på hotellet meiner at ein kan utløyse svært mange gode synergieffektar om ein får nok attraksjonar til å halde folk i Høyanger litt lengre, når dei først har kome hit.

– Det er veldig stor forskjell på om nokon kjem til Høyanger ein kveld, overnattar, og så reiser vidare neste dag, framfor å ta ei natt til og brukar dagen lokalt. Tenk berre over kor stor effekt det kan ha for handels- og servicebedriftene våre om vi får massevis av turistar gåande i Høyanger sentrum kvar dag gjennom sommarsesongen.

Aktivitetsbehov nr. 1

Øvst på ønskelista til Øren Hotel over framtidige aktivitetstilbod i Høyanger står guida fjellturar.
– Turistane ønsker å oppleve norsk natur, så her er det eit kjempepotensiale om nokon vil starte opp eit tilbod. I Flåm og Gudvangen finst det eigne selskap som driv med guiding, og sjølv om volumet vil blir mindre hos oss, burde det vere gode sjansar for at til dømes eit enkeltpersonføretak kunne få nok å gjere innan denne bransjen også hos oss.

Arvid Fimreite sitt flotte bilete av Høyanger frontar forsida til årets Sognefjordguide. Eit varsel om at Sogn er i ferd med å få ein ny reiselivsdestinasjon?

Presentasjonstips frå Lynn-Malin og Siw

Basert frå erfaringane frå København og London har gjengen på Øren Hotel følgande råd og komme med til dei som skal presentere seg og Høyanger som turistmål:

– Nytt visuelle verkemiddel.
Eit bilete fortel meir enn tusen ord heiter det, og innan reiseliv er det definitivt sant. Folk ønsker å sjå korleis det er på staden du snakkar om gjennom foto og film, og danne seg eit inntrykk av korleis det er å vere der. Eit godt og breitt fotomateriale er derfor veldig nyttig, og det same er korte filmklipp som kan formidle stemningar og aktivitetar.

– Ver godt førebudd
Utanlandske turopperatørar er kunnskapsrike og nysgjerrige, og ønsker ofte svar på konkrete spørsmål som til dømes reiseavstandar til andre kjente turistdestinasjonar. Ver derfor førbudd på at det kan komme mange spørsmål, også om ditt eige produkt.

– Bygg nettverk
Å presentere seg sjølv og staden ein kjem frå er berre halve oppgåva. Det handlar vel så mykje om å bli kjent med folk, og skape eit nettverk. Kjennskap og vennskap kan ha mykje å sei i reiselivsbransjen, så nytt også høvet til å bli kjent med andre.

– Lær så mykje du kan
Reis med eit ope sinn, og la deg bli inspirert av andre sine forteljingar, presentasjonsmetodar og tilbod.

Noko du lurar på? Lynn-Malin og Siw svarar gjerne på spørsmål om du sender ein e-post til post@orenhotel.no.