Arrangements­utviklaren – Reisehit.no
Til framsida
21. mars 2019
Arrangements­utviklaren

aktuelt

Gode arrangement med mykje innhald er kjekke både for oss som bur i Høyanger og tilreisande. No skal Kristin Sandal i OnCue undersøkje om det kan utformast ein modell for framtidsretta arrangementsutvikling for heile kommunen.

Kristin Sandal frå Gloppen har gjort det meste innan arrangement og eventar. Med pappa Nils som ein av initiativtakarane til Norsk Countrytreff på Breim er ho bortimot «født og oppvaksen» på musikkfestival. Først som frivillig i ulike roller, og frå ho var 16 som del av administrasjonen.

– Erfaringa frå countryfestivalen førte meg inn i andre prosjekt i Gloppen på frivillig basis, noko som igjen skapte moglegheita for å gjere dette til eit levebrød. Så i 2006 starta eg på fulltid med utvikling og gjennomføring av diverse prosjekt og arrangement.

Sidan 2006 har CV’en til Kristin vakse seg både stor og brei. Ho har vore med på å arrangere musikkfestivalar og arrangement som Malakoff, Førdefestivalen og NRK Lutt, vore fylkesleiar for TV-aksjonen i ei årrekkje, og har jobba i musikk­ompetanse­senteret Brak og i Reisemål Stryn og Nordfjord. På toppen av det heile har Kristin også politisk erfaring med to periodar i kommunestyret i Gloppen for Senterpartiet. Men no er det arrangementsutvikling i Høyanger som står for tur.

– Eg har vore innom kommunen i samband med TV-aksjonen tidlegare, men det var først i 2015 då eg vart involvert i 100-års jubileet til industristaden at eg for alvor vart kjent med Høyanger. Det tok ikkje lang tid før eg merka kulturforskjellen frå heimtraktene i Gloppen, som er eit utprega bondesamfunn, til industrikulturen ein finn i tettstaden Høyanger. Gloppen er prega av jordnære og kanskje litt traustare haldningar der folk gjerne brukar tid på å finne ut om dei er på rett veg og på å gje tilbakemeldingar, medan ein i Høyanger er langt meir vand med å gje og få direkte tilbakemeldingar fortløpande.

I ein arrangement- og reiselivssamanheng trur Kristin at folkelynnet i tettstaden og kommunen elles kan ha mykje godt ved seg.

– Noko av det som er lettast å merke for nokon som kjem utanfrå er fellesskapsfølelsen og stoltheita folk har rundt heimstaden sin i Høyanger. Det er ein veldig sterk identitet her som det bør vere mogleg å skape meir ut av. I Høyanger har ein verdiar og haldningar som har vakse ut av industrisamfunnet, medan ein ute i bygdene har fellesskap bygd rundt andre premissar. Dugnadsånda står sterkt i alle delar av kommunen, men den tar kanskje litt ulike former i tettstaden og bygdene elles. Men i desse forskjellane ligg det og stort potensiale innanfor arrangement og reiseliv. Høyanger kommune har svært mykje breidde, noko som skapar mange moglegheiter, særleg om ein jobbar saman og bruker styrkene sine til eit felles beste. Lokalpatriotisme kombinert med ståpåvilje og dugnadsånd kan vere ein kraftfull miks.

Gøyanger har sidan 2009 samla innbyggjarar i Høyanger til triveleg aktivitet og sosialt samvære. No har den frivillige organisasjonen tatt ein pause, og Høyangerdagane har kome til.

Høyangerdagane

Ein del av prosjektet Kristin for tida arbeider med er avviklinga av Høyangerdagane, som vil gå av stabelen 31. mai til 2. juni.

– Dette blir ei tettpakka helg med mykje aktivitet alle dagar. Veldig mange aktørar, lag og organisasjonar har alt meldt seg og vil bli med og bidra med sitt. Høyangerdagane blir ein slags «superdugnad» der gode krefter i tettstaden samlast for å skape opplevingar for alle, og mi rolle vil vere som tilretteleggar og koordinator. Med så mange aktørar involvert er det naudsynt at nokon held i trådane, men innhaldet i Høyangerdagane er det bedrifter, lag, organisasjonar og andre lokale aktørar som vil stå for.

Arrangementtips frå Kristin Sandal

Kristin har brei og lang erfaring innan arrangement, event og reiseliv, og her er nokre av refleksjonane ho har gjort seg rundt kva som gir gode resultat.

– Hent inspirasjon utanfrå
Det kan vere lett å gå seg fast i vande rutinar, og då kan det vere inspirerande og lærerikt å sjå kva andre gjer. Ofte kan ein plukke opp idéar frå andre som ikkje treng å vere kostbare eller tidkrevjande, men som kan bli eit friskt innslag i eigen aktivitet.

– Gjer det enkelt
Enkle grep er lettare å gjennomføre enn kompliserte prosessar, og kan gje raskare resultat. Kva med å til dømes invitere nokre profilerte turgåarar med mange følgjarar på Instagram til ei fjellturhelg i kommunen? Det er ganske lett å få til, og kan potensielt føre til mykje god reklame.

– Sett rett folk på rett stad
I prosjektsamanheng får ein dei beste resultata når alle er motiverte i rollene sine. Nokon likar best å jobbe med planar og strategiar, medan andre vil ut i felt og jobbe praktisk. Bruk litt tid på å finne dei rette oppgåvene til dei som er med i prosjektet.

Omdømebygging i praksis

Næringskonsulent Birgitta Hagen Kyrkjebø i HNU håpar at prosjektet Kristin no er i ferd med å gjennomføre vil resultere i ein modell for vidare arrangementsutvikling i heile kommunen.

– Bygdeutvikling og reiseliv heng tett saman. Vi vel derfor no å bruke litt ressursar på å utforme ein modell for arrangementsutvikling der ein samlar idrett, kultur, handel, reiseliv og næringsliv elles i kommunen, samstundes som ein gjennomfører avviklinga av Høyangerdagane 2019 som ein del av prosjektet.

Hagen Kyrkjebø peikar på at verdiskapingsplanen for kommunen seier at HNU skal vere ein aktiv støttespelar også innan arrangementsutvikling, og at dette arbeidet er god næringsutvikling.

– Arrangementsutvikling er også næringsutvikling då denne forma for aktiviet skaper moglegheiter for handelsstanden og andre. Men det er og god omdømebygging som kan gje positive effektar for reiselivssatsinga vår. Ein turist kan ta mange former, og vere alt frå ein deltakar under Trappeløpet til ein utflyttar som kjem tilbake ei helg for å få med seg det som skjer. Arrangement som Høyangerdagane skapar blest og set Høyanger kommune i ei positiv ramme som eit levande lokalsamfunn, noko som kan gjere det interessant for dei som ikkje alt er del av kommunen vår å besøkje oss, eller kanskje til og med busette seg her.

Arbeidet knytt til utforming av ein modell for arrangementutvikling i kommunen har i følgje Hagen Kyrkjebø vore på trappene ei stund, og vart framskynda av meldinga om at Gøyanger ikkje vil bli arrangert i år.

– Prosjektet som Kristin no leiar ser på potensialet for å vidareutvikle det vi alt har, og sjå om det finst fleire satsingsområde på arrangementssida. Målsettinga er å skape minneverdige opplevingar for både fastbuande og tilreisande, noko som har stor verdi i seg sjølv. Med ein profesjonell organisator som Kristin med på laget håpar vi at lokale arrangement kan løftast og i større grad også nå ut forbi kommunegrensene.

Trappene i Høyanger er eit unikt særtrekk ved industristaden og arena for det veletablerte Trappeløpet, som i år vil bli arrangert av IL Høyang som del av Høyangerdagane. Trappeløpet er eit godt døme på omdømebygging i praksis, som og lokkar mange deltakarar til Høyanger.