Eldar er «superhost» hos Airbnb – Reisehit.no
Til framsida
15. september 2019
Eldar er «superhost» hos Airbnb

reportasje

Eldar Brekke har fått status som «superhost» på Airbnb, og superlativa sit laust når gjestane omtalar opphalda i hyttene hans i Ortnevik. Her delar Eldar nokre av sine erfaringar og tips til korleis ein kan lukkast med hytteutleige.

«Det er himmel på jord», skriv ein gjest. «Vakraste plassen eg nokon gong har vore», skriv ein anna. Omtalane på Airbnb talar for seg sjølv. Dei tre hyttene øvst på Brekke i Ortnevik ligg vakkert til der Vassdalen og Stordalen møtest. Når reisehit.no stikk innom hytteidyllen kjem «superhost» Eldar Brekke klatrande ut frå eit tett kratt. I handa har han ei lita sag.

– Eg måtte rydde litt skog. Kan ikkje skryte over utsikta og samtidig la ho gro at, forklarar Brekke, etterfølgt av ein liten latter.

– Det reiste ein gjeng i dag tidleg, og så kjem det nokre nye no i løpet av formiddagen, om dei finn vegen då…

Det å finne fram til Ortnevik er ei utfordring som Eldar ofte må hjelpe gjestane sine med.

– Ferjerutene kan vere vanskelege nok å forstå for oss lokale nordmenn. Det er derfor lurt å gje gjestane ei grundig skriftleg forklaring på vegar og ferjeruter. Det er ganske kjipt å miste ei ferje her, når det er fleire timar til den neste går.

Eldar viser fram hytta som har fått det passande namnet «Big Cabin». Den er bygd med særs kortreist tømmer, og vart sett opp av Eldar og faren Anders for nokre år sidan. Hytta er rikt utsmykka med utskjeringar i tømmeret, og ein stor steinpeis i stova står som eit massivt symbol på hyttekos. På trappeoppgangen til altanen smiler eit troll mot oss i tregelenderet. Nord-veggen består stort sett av glasvindauge, der sollys og utsikt over Sognefjorden og Ortnevik slepp inn.

Lyst til å starte med hytteutleige? Her er nokre konkrete tips frå «superhost» Eldar Brekke.

Få fisketuristar

Inne i «Big Cabin» fortel Eldar kvifor han valde å satse på hytteturisme.

– Vi har ikkje tradisjonell gardsdrift her lenger, så hyttene utgjer ein stor del av inntektene vi har på garden. Gjestane kjem heile året, og eg kan drive med dette ved sidan av full jobb. Når eg ikkje er tilgjengeleg har stort sett andre i familien moglegheit til å ta i mot gjestar, og hjelpe dei med det dei treng.

Kven er det som kjem til Brekke Cabins?

– Eg har i grunn ikkje nokon typisk gjest. Heller ikkje veldig mange «stamkundar». Det er mange her i området som til dømes har fisketuristar som kjem tilbake år etter år. Det har ikkje eg, både fordi Ortnevik ikkje er noko fiskeparadis, men og fordi vi ikkje har satsa på denne målgruppa. Vi har hatt eit ønskje om å ha ei form for utleige der gjestane i stor grad klarer seg sjølv, utan at vi må passe på ting som utleige av utstyr.

Det er stor variasjon i kva gjestene ønskjer å bruke tida si på, når dei først har komme seg til Ortnevik.

Dei som kjem hit kjem stort sett for å oppleve ro og stillheit, og oppleve noko langt vekke frå kvardagen. Og så er det nokon som har veldig spesifikke ønskjer for opphaldet. Vi hadde til dømes ein som hadde ein draum om å få oppleve snøstorm, og som gjekk rundt i bygda i snøvêr med slalåmbriller. Han hadde eit flott oppleving han, så behova og ønskja kan vere veldig forskjellige. Det er også ein gjengangar at gjester ønskjer å fyre i peisen med ved dei har hogge sjølv. Det som for oss er kvardag er for andre særs eksotisk.

Mange av gjestane til Brekke Cabins ønskjer å oppleve norsk natur tett på. Også der er det stor spennvidde i type gjest frå dei særs fjellvante, til dei som knapt har gått ein einaste motbakke.

– Ein må vere litt obs, for det er ikkje alle gjestane som har heilt rett forståing for kva som krevst om ein skal bevege seg i fjella våre. Dei kan vere ganske røffe, så ein må vere sikker på at gjestane veit kva dei gjer når dei legg ut på tur. Eg har hatt fleire kveldar der eg har måtta hente ned gjestar som har gått seg vill, eller møtt på andre problem.

Sov i huset før du leiger det ut

Det liten tvil om at det har blitt investert ein god del tid og pengar i å gjere Brekke Cabins til ein spanande og unik destinasjon for turistane, men Eldar meiner at det skal lite til før ein kan ha eit attraktivt reiselivsprodukt oppe og gå.

– Ein treng ikkje satse like stort som vi har gjort her med tre reine utleigehytter for å få ei akseptabel inntekt på ei utleigeverksemd, særleg ikkje med dei marknadsføringskanalane som finst på nett i dag. Du treng eit husvære med ok standard, og så må du vere klar til å ta vertsrolla. Du må vere villig til å hjelpe til med det meste, og ordne med praktiske ting som å legge ut sengkle og anna gjestane treng. Om eg skal gje eit konkret råd til dei som ønskjer å starte opp må det vere å «prøvekjøre» husværet som skal leigast ut. Om du til dømes har eit hus på garden din som du kunne tenke deg å tilby gjestar, kan du sove nokre netter i det sjølv først. Da finn du fort ut kva som manglar eller irriterer, og har sjans til å rette opp i det før dei første gjestane kjem.

Og på det praktiske planet er det ein ting som tronar over alt anna.

Du må kunne gje gjestane dine tilgang til internett. I dag forventar alle gjestar å kunne komme seg på nett der dei er.

Airbnb vs HomeAway

– Airbnb har omlag 4 millionar oppføringar av husvære til leige, medan HomeAway har omlag 2 millionar oppføringar.
– Airbnb har alle moglege utleigetilbod, men er kanskje mest retta mot dei som ønskjer rimeleg overnatting på ferie, og som kanskje også ønskjer kontakt med andre gjestar og/eller utleigar. HomeAway er meir reindyrka mot familiar og andre som ønskjer privatliv.
– Som utleigar hos HomeAway kan ein velje ei abonnementsløysing som kostar ca. 3200 kroner i året for oppføring av eit husvære, eller ei løysing med bookingavgift. Kommisjonen er da på minst 8%.
– Det er gratis å føre opp utleigehusvære hos Airbnb, men dei tar omlag 3% av inntektene frå kvar booking frå utleiger, og normalt 6% – 12% i bookingavgift frå leigetakar.
– Betaling for opphaldet skjer gjennom nettside/app. Både Airbnb og HomeAway tilbyr i tilegg til sikker betaling ulike forsikringar og garantiordningar.

Korleis kjem du i gang?

– For å opprette ein utleigekonto hos AirBnB og HomeAway treng du ei adresse, ein omtale av husværet, fakta om husværet (kor mange rom som er tilgjengeleg, maks tal gjestar, bileter av husværet, osv.), kontaktinformasjon, prisar og utleigereglement. Det tar ikkje mange minutt å sette opp ein konto!

Lyst til å starte med utleige? Kontakt HNU om du ønskjer hjelp til utvikling av ditt reiselivsprodukt.